I tidens løp

Jeg så det ikke komme. Avgrunnen som det tok sekunder å åpne, har tiden snart brukt ett år på å lukke. Imens har jeg løpt.

 

***

det kjem ingen tårer

ho ligg for djupt, denne sorga

kapsla inn på botnen av sjela

under det laget der tårer vert danna

***

 

***

eg spring

lèt føtene leike seg av stad over mjuk skogbotn

kvart steg som salve på rifta i hjartet

***

 

***

bakom disen trengjer ljoset seg fram

i enga sit tida med hjartet i fang

stryk det med varsam hand

***

 

***

eg spring, stadig lettare på foten

lèt dei vonde tankane fløyme på utpust

gjev rom for ein sildrande bekk av lukke på innpust 

***

 

***

i front

springarar på sida, springarar i ryggen

fem par føter, ein rytme

knapt kontakt med jorda

svevande lukke

***

 

***

kven, om ikkje tida

står der med hjartet i hand

gjev meg det og seier

ber det sjølv no

du skal sjå at du greier

***

 

***

 

(Samtlige nynorsknoveller, #nynov, ble skrevet og publisert på Twitter i tidsrommet mai-desember 2015. Foto fra Østmarka, Nøstvedtmarka, Rendalen/Tynset, Alvdal Vestfjell, Østmarka/Midtsjøvann og Hebekkskogen/Oslo/Sentrumsløpet.)

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s